Tove Stavem Reite

Ho er utdanna allmennlærar og er spesialpedagog – tilleggsutdanning innan Kunstfag og Musikk/Drama m.m. Ho jobbar deltid som lærar/spesialpedagog og er innehavar av Galleri2v i Volda, eit kurssenter med kurstilbod innan både teikning og maling, men som og er atelier og utstillingarena for bileta hennar.
Ho har jobba fleire år som biletkunstnar og opna galleriet allereie i 1997. Ho jobbar både med akryl/PVA, akvarell, teikning og med skulpturale uttrykk.


Intensjon og mål for bileta hennar er at dei skal være ein motsetnad for den hektiske og turbulente tilvære som pregar samtida vår. Ho ynskjer at uttrykker skal formidle ein heller roleg pust der blikket kan kvile og sinnet får ro. Dette kan formidlast på fleire ulike måtar og hennar palett og penselføring gjev seg uttrykk i ulike motiv og teknikkar.